Vi utvider med eldreprogram!

Vi utvider med eldreprogram på Sentralbadet Litteraturhus og har invitert Aleksander Røynstrand og Silje Skare Storhei på scenen. Det blir lørdagskafé, god stemning og nydelig folkemusikk i ørene.

ALEKSANDER AGA RØYNSTRAND

Alexander Aga Røynstrand har dei siste åra markert seg som ein av dei aller fremste utøverane på hardingfele i landet og kan smykke seg med tittelen meisterspelemann. På Landskappleiken i 2019 gjekk han av med sigeren i A-klassa for hardingfele, og vann med det kongepokal.

Hans musikalske uttrykk byggjer på det tradisjonelle hardingfelerepertoaret i Hardanger med Knut Hamre og Anders Kjerland som dei fremste ideala. Han har likevel gjennom mange år som solo hardingfelespelar funne fram til personlege tolkingar og er særs oppteken av kva han ynskjer å formidle gjennom musikken.

Ambisjonane til Alexander er å kunne leve av og arbeide som soloutøvar på hardingfele og soleis også kunne vidareføre Hardangertradisjonen til dei neste generasjonane. Han ynskjer også å leggje til rette for at flest mogeleg vert eksponert for folkemusikk og at alle veit om denne fantastiske musikken og tek ulike typar publikum som ei gledeleg utfordring. Alexander er klar over at han aldri kjem til å kunne bli ferdig med å utforske tradisjonen sin og å vidareutvikle sine eigne tankar kring den og sitt eige musikalske uttrykk - men seier at dette er ein stor motivasjon for å halde fram som musikar.

 

SILJE SKARE STORHEI

Silje Skare Storhei er 15 år i mai 2024. Spelt torader siden ho var 5 ½ år.

Forrige
Forrige

DJ Lundski avslutter Positive Døgn 2024 med funky rytmer!

Neste
Neste

NYHET! Ungdomsprogram